Rull med plastsekkar blir utlevert i veke 12 og 13

Ny rull med plastsekkar blir levert når du set ut papirbehaldaren i mars.

Mellom 17. og 30. mars får alle husstandar utlevert ny rull.

Kvar bueining får utlevert ein rull med plastsekkar til plastemballasje.

Hugs å setje ut behaldar for papp- og papir for tømming i desse vekene, då renovatøren legg rullen oppå denne. Om ikkje behaldaren er sett ut, kan du henta ein rull gratis på tenestetorget eller miljøstasjonen innan ein månad etter utlevering.

Har du behov for ekstra plastsekkar? Om du har gått tom for posar før ny utlevering, bra jobba med sorteringa! Gebyret du har betalt dekker ein rull, om du treng fleire får du kjøpt dette på miljøstasjon.

Større sameige? Styreleiar eller representant for sameige tar kontakt per telefon eller e-post for å bestille.

NB! Nytt av i år er at bioposar til matavfall ikkje automatisk blir levert ut, fordi ein no kan knyte ein biopose på behaldaren når som helst, og få ny rull av renovatøren. Større sameige og bedrifter kan ta kontakt for bestilling

Ofte stilte spørsmål om bioposar og plastsekkar

Kvifor nytte SIMAS sine sekkar til plastemballasje?

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Ledige lærlingplassar i SIMAS

Neste
Neste

Kom i gang med kompostering: Gratis kurs laurdag 22. mars