Slik unngår du hagerømlingar
Spreiing av framande artar er ein av dei største truslane mot biomangfaldet.
Mange av artane med høg risiko for å ta over stadeigne artar, er importerte hageplantar som spreier frøa sine med vatn, vind eller ved flytting av jord og hageavfall.
Hjå Hageselskapet kan du sjå bilete og kjenneteikn på plantene. Dei har også beskrive korleis du kan bekjempa plantene.
Hagerømlingar skal pakkast i ein tett pose og kastast i restavfallet.
Klikk på bilda for stor visning.
Her kan du levere hageavfall:
Hugs at det er ulovleg å dumpe hageavfall i naturen - lever heller inn til SIMAS!
Aurland: Sogn Jord og Hagebruksskule
Høyanger: Rasvoll
Leikanger: Kvålen
Luster: Luster Miljøpark
Lærdal: Bergo
Sogndal: Festingdalen miljøstasjon
Vik: Vange