Rydde i hagen? Her kan du levere hageavfallet ditt

Det er gratis å levere hageavfall på hageavfallsplassane våre.

Sola skin og snøen er vekke. Mange nyttar dagane til å rydde vekk vinteren frå uteområde og hage, og då blir det naturlig nok litt avfall.

Hugs at det er ulovleg å dumpe hageavfall i naturen - lever heller inn til SIMAS!

Her kan du levere hageavfall:

  • Aurland: Sogn Jord og Hagebruksskule

  • Høyanger: Rasvoll

  • Leikanger: Kvålen

  • Luster: Luster Miljøpark

Ver obs på hagerømlingar

Spreiing av framande artar/hagerømlingar er ein av dei største truslane mot biomangfaldet. Difor må du følgje med når du ryddar i hagen din.

Hagerømlingar skal pakkast i ein tett pose og kastast i restavfallet.

Hjå Hageselskapet kan du sjå bilete og kjenneteikn på plantene. Dei har også beskrive korleis du kan bekjempa plantene.

Les meir: Slik unngår du hagerømlingar

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Møte i representantskapet til SIMAS IKS, 26. april 2024

Neste
Neste

Slik unngår du hagerømlingar