Styret har konstituert Dagny som direktør i SIMAS

Styret vedtok tysdag å konstituera Dagny Ugulsvik Alvik som dagleg leiar i eitt år frå mai 2022.

Avfallsbransjen er inne i store endringar, og det blir sett aukande krav til bransjekunnskap for å bidra i sirkulærøkonomien og det grøne skifte. Styret finn at erfaring, kunnskap og bransjekompetansen som Dagny sit på er viktig for kontinuiteten i den gode utviklinga i selskapet er inne i.

– Det er veldig kjekt. Ei stor æra å bli spurt, og at dei har tillit til at eg kan halda fram den gode jobben som allereie blir gjort i SIMAS, seier Alvik til Sogn Avis.

– Det er utruleg mykje spanande som skjer no, så eg gler meg til å vera med på laget, og sjå kva me i SIMAS kan få gjort i vår region, seier ho.

Alvik har jobba som HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS sidan våren 2018. Før det var ho tilsett på miljøvernavdelinga hjå Statsforvaltaren, den siste tida som fagdirektør for ureining og avfall. Ho er utdanna Cand. Scient i miljøfysiologi frå Universitet i Bergen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra tømmeruter i 2022

Neste
Neste

Store julegåver til SIMAS i år