Store julegåver til SIMAS i år

Geir Øygard og Paulius Cekanavicius (t.v.) saman med alle sjåførane i SIMAS. Ein glad gjeng, med Rasmus Mo i ryggen. Han skal pryde alle tre bilane, med “enkle” bodskap.

Tre nye renovasjonsbilar var tysdag klar til å prøvekjørast. – Dette er ei real oppgradering!

SIMAS har seks renovasjonsbilar i drift i dag, alle frå 2014. Dei var overteken frå RenoNorden i 2017, men har vore dyre i drift og reservebilen har stått parkert sidan juni.

– Det er ofte noko gale, og med tida blir gamle bilar meir krevjande og kostbar å vedlikehalde. Dette er bilar som vart kjøpt inn av RenoNorden til heile Noreg samtidig, så dei er ikkje tilpassa køyreforholda våre. Det betyr at dei har fått litt hard medfart opp og ned alle bakkane våre – og har lidd, fortel Paulius Cekanavicius, avdelingsleiar for transport- og innsamling.

I går fekk han sjå tre av dei nye bilane, saman med alle sjåførane i SIMAS.

– Dette er ein etterlengta dag for oss. Nye Volvo FM er mykje kraftigare enn dei bilane me har, med same oppgraderte påbygg med to kammer. FM-modellen er meir lik ein lastebil og er dei første renovasjonsbilane med ein slik “chassis” frå Volvo, forklarar Cekanavicius.

– Dette er ei real oppgradering. Desse bilane er laga for å køyre med tung last i bratte bakkar, legg han til.

I tillegg har bilane Volvo dynamisk styring (VDS) slik at manøvrering i byggefelt blir endå lettare. Dei er utstyrt med blindsone-kamera og nødbrems, og bilane meir synlige i drift med betre belysning.

– Overtaking av bilar midt i vintertida er ikkje ideelt, då køyreeigenskapane er endra. Så det tar nok litt tid å teste og å bli vant med bilane. Heldigvis har me flinke sjåførar som er godt kjende med vinterføre i Sogn.

Kontrakt på tre bilar til

Anskaffing- og prosjektsjef, Geir Øygard, var også tilstades - og glise då han såg bilane.

– Er dei ikkje tøff? Eg likar grønfargen godt!

Øygard kunne gledeleg fortelje at SIMAS nå har skreve kontrakt på enda tre nye bilar, med leveranse i 2023.

– Då får me bytt ut alle bilane våre. Det treng me sårt.  

Han takka Trucknor for godt samarbeid og god rådgjeving i prosessen så langt.

– Det har vore en trygg og god prosess. No gler me oss til å teste dei nye bilane. Det skal nokre justeringar til hjå Trucknor, men me håpar at dei kanskje skal i sving allereie i romjula.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Styret har konstituert Dagny som direktør i SIMAS

Neste
Neste

Me minner om at julegåvepapir må gå i restavfallet