Store mengder snø kan skape forseinkingar

Akkurat no er det krevjande køyreforhold for renovatørane våre i store deler av Sogn.

Dei siste dagane har det snødd såpass mykje at det er vanskeleg for renovatørane å nå fram til behaldarane mange plassar. Difor kan det bli forseinkingar i hentinga av avfall akkurat no.

For å lette på arbeidet til renovatøren, kan ein moke fram behaldaren og sørgje for at den står riktig veg, med handtaket ut.

Me forstår at det kan vere vanskeleg å moke når det snør kontinuerleg slik som no, men me håpar alle prøver så godt det let seg gjere. Det set renovatørane våre stor pris på!

Mykje snø og brøytearbeid gjev utfordringar for renovatørane akkurat no.

Nokre plassar snør det no så mykje at behaldarane blir heilt dekt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No søkjer SIMAS sommarvikarar

Neste
Neste

Miljøstasjonen i Luster og Sogndal er stengde 14. februar