No søkjer SIMAS sommarvikarar

Elise Kvalevåg har jobba som sommarvikar i pressehallen som driftsoperatør, og ønskjer fleire jenter velkomne til anleggsbransjen.

Sommaren nærmar seg, og SIMAS lyser ut spennande stillingar både i administrasjon, drift, transport og på miljøstasjonane.

– I år treng me fleire sommarvikarar i dei fleste avdelingane våre. Så her er det heilt klart noko for ein kvar smak, fortel Victoria Straumann i SIMAS.

Det er lyst ut stillingar innan fire ulike arbeidsområde. Felles for alle stillingane er at ein får prøve seg på varierte oppgåver og får innblikk i ein spennande bransje.

– Me ønskjer oss både folk som er glad i transportarbeid, dei som vil jobbe praktisk med hendene og dei som trivst best med administrative oppgåver, seier Straumann.

Alle sommarvikarar vil få naudsynt opplæring, kurs og rettleiing slik at dei finn seg godt til rette hjå SIMAS.

Her er dei ulike stillingane:

Søknadsfrist for alle stillingane er 27. februar 2022.

Noko for deg eller nokon du kjenner?

Tips gjerne nokon du trur kunne vore interessert, og hugs å søkje innan fristen. Me gler oss til å høyre frå deg!

Her finn du til ein kvar tid oversikt over alle ledige stillingar hjå SIMAS.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Stengt veg i Vik - avfall blir henta på onsdag

Neste
Neste

Store mengder snø kan skape forseinkingar