Ecoinowaste sitt konsept på Håbakken

Ecoinowaste AS arbeider som kjent med eit prosjekt der ein skal nytta avfall for å skapa arbeidsplassar i regionen. Arbeidstittel er «Grønt Skifte i praksis» og handlar om å nytta ressursar som i dag vert eksportert ut av landet. Ei mogeleg lokalisering av verksemda er Håbakken i Lærdal. Konseptet har vorte presentert og det vert arbeida vidare for å avklara om det let seg gjere å plassere verksemda på næringsområdet på Håbakken.  

Ønskje om å skapa arbeidsplassar er drivkrafta

Bakgrunn for prosjektet er arbeid gjennomført i regi av SIMAS og innleiande utgreiingar i samband med omstillingsarbeidet i Lærdal. Både mogelegheitsstudien og forprosjektet er finansiert av Omstillingsprogrammet i Lærdal, og er knytt opp til området «Knutepunkt Lærdal». Forprosjektet viser at det er mogeleg å realisere prosjektet, og at ein ønskjer å arbeide vidare med å sjå på mogeleg lokalisering i Lærdal. Konseptet og tankane i prosjektet er presentert i fleire høve og til mange ulike aktørar for å teste ut ideane som SIMAS arbeider med. Spørsmålet er heile tid om kvifor me ikkje kan etablere arbeidsplassar lokalt, i staden for å eksportere råstoff som i neste omgang skapar arbeidsplassar basert på vårt råstoff i utlandet. For å lykkast må me søke etter teknologi som kan nyttast i småskala anlegg. Dette er krevjande då eventuelle nye småskala anlegg vil konkurrere med etablerte storanlegg. Difor må våre konsept vera tufta på andre konkurranseflater enn dei store anlegga som er bygd (eller er bygd og har gått konkurs!). I tillegg må småskalaanlegg kunna etablerast i nærleiken av dei som skal nytta produktet, her prosessvarme, slik at ein unngår kostnadskrevjande infrastruktur. I tillegg må ein her redusere skjemmande lukt, støy og utslepp i nærområdet i langt større grad enn for store anlegga som ligg langt frå folk. Samanlikning med andre anlegg er difor ikkje relevant. Lukkast ein med småskala anlegg kan dette gje store ringverknader i andre områder med liknande utfordringar som me har i vår region.

Kvifor har Ecoinowaste vore tause?

Mogeleg etablering på Håbakken er avhengig av at ein ønskjer dette lokalt. Det vart i Kommunedelplan for Tønjum og Ljøsne alt i 2011 satt av areal til etablering av næringsaktivitet på Håbakken. Det manglar imidlertid reguleringsplan for det aktuelle området. Skal ein lukkast med næringsutvikling i ein kommune må planarbeidet heile tida vere i forkant slik at mogeleg etableringar raskt kan avklarast. Reguleringsplan er særdeles viktig for naboar, lokale aktørar og ikkje minst den som vurderer etableringa.  Dette er ikkje tilfelle i Lærdal, og ein må difor køyra mange parallelle prosessar i å avklare mogeleg etablering. Dette er svært uheldig då ein ikkje veit kva krav og forventingar i reguleringsplan som skal stettast, samt at ein då ikkje får avklara viktige forhold som både grunneigarar, naboar, samarbeidspartnarar og myndigheiter spør etter. Ecoinowaste har vore tydeleg på at reguleringsplanarbeidet er kommunens ansvar. Det er uheldig at ein blandar mogeleg etablering og planarbeidet. Sidan reguleringsplan ikkje var gjennomført måtte Ecoinowaste vera tydeleg på at dette arbeidet måtte prioriterast frå kommune si sida. Tid er viktig i samband med næringsetablering, uansett om det er vårt prosjekt eller andre prosjekt. Reguleringsplan er Lærdal kommune sitt verktøy for å styre utviklinga i Håbakken. Dette er ikkje Ecoinowaste del av.

Kva er gjort og kva er status i arbeidet?

Ecoinowaste AS vart etablert sommaren 2016, etter at eigarane i SIMAS IKS avklara si rolle i organisering og arbeid med prosjektet.

Grunneigar og naboar vart informert om prosjektet i eigne møter i august i regi av Lærdal kommune, og i september var det møte med Lærdal Formannskap der teknologileverandøren deltok. Etter dette har Lærdal kommune arbeida ut ein reguleringsplan for området. Frå SIMAS og Ecoinowaste har arbeidet vore konsentrert om tre forhold i denne perioden; finansiering av prosjektet, avklare lokalisering, marknadsvurderingar, avklare detaljar knytt til utforming og teknologi opp mot miljø og drift etc., og sjølvsagt lønsemda til prosjektet. Dette vil til slutt resultere i ei samla vurdering om det let seg gjere å etablere verksemda i vår region.  

Arbeidet med desse avklaringane er no komen så langt at me kan vera tydeleg på at det ikkje vert luktproblem, avrenning til elva eller utslepp til luft som medfører ulempe til nærmiljøet. Det vil kome vanndamp frå anlegget som kondenserer i lufta. Det vil vere mest synleg om vinteren, og i tillegg vil det bli noko støy frå tømmerhandteringa. Men mykje av dette kan løysast på gode måtar, og det er målet vårt.  

Kva håpar me er resultatet ved eventuell etablering

I tillegg til nye arbeidsplassar arbeider me med sikte på å etablere anlegget som visningsanlegg for denne typen småskala forbrenningsanlegg. Me ønskjer at prosessvarmen me produserer kan nyttast til etablering av andre verksemder på Håbakken. Me ønskjer å vera ein katalysator for dette arbeidet. Me ønskjer ei «open og rein» verksemd der det vert mogeleg å sjå kva type prosessar og aktivitetar som er på gang med vekt på både læring og kompetansebygging. Me håpar å skapa eit anlegg som medfører auke besøk og interesse for Lærdal - Den Grøne Kommunen, og den fornybare regionen som me bur i. Dette er det mogeleg å få til, om me legg forholda til rette for det!

 

Med vennleg helsing

Hallvard Thomassen

Styreleiar i Ecoinowaste AS

Forrige
Forrige

Ny Renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS

Neste
Neste

Plastfjella i havet aukar