Plastfjella i havet aukar

Om kvar nordmann kjeldesorterer eitt kilo plast meir i året, sparar me like mykje CO2-utslepp som 6000 bilar.
— Grønt Punkt Norge.

Kvart år vert 8 millionar tonn med bos kasta i havet, det tilsvara ein renovasjonsbil full i plast kvart minutt. Produksjonen av plast på verdsbasis har 20-dobla seg sidan 1964, og i 2014 var den årlege produksjonen på 311 millionar tonn. Plastproduksjonen er venta å auke til det dobbelte innan 10 år og firedobbelte innan 2050. Mangel på resirkulering av plastemballasje gjer at plast til ein verdi på 700-1000 milliardar kroner årleg ikkje vert gjenvunne.

Fryktar auke av bosberg

I 2050 vil det vere meir plast enn fisk i verdshava, dersom ein ikkje straks gjer noko, visar ny rapport frå Word Economic Forum. Det finst i dag fem enorme bosberg i havet. Det største av dei er Great Pacific Garbage Patch i Stillehavet, den er 1,4 millionar kvadratkilometer, tilsvarande fire gongar Noregs areal. Barentshavet står no ovanfor ei farleg utvikling då Golfstraumen kan føre saman avfall frå både Europa og Nord-Amerika, og danne eit enormt bosberg her òg.

Foto: iStock

Foto: iStock

Fare for menneske og dyr

Den farlege utviklinga påverkar fleire enn ein trur, plasten i havet vert brote ned til mikropartiklar, derfrå vert den teke opp av dyr og marine næringskjeder. Slik kan avfallet som hamnar i havet ureine dyra som lever der og maten me et.

Eit globalt problem – kva kan me gjere?

Noreg har høg gjenvinning av plast, ifølgje dei nyaste tala frå Miljødirektoratet vart rundt 94 prosent av plastemballasjeavfallet gjenvunne i 2014 og frå det gikk omlag 42 prosent til materialgjenvinning. Me må halde fram sorteringa, verte endå flinkare til å sortere ut plasten slik at meir kan verte materialgjenvunne. Dette betyr at plasten vert til nye plastprodukt, og me sparar olje og miljøet for mykje CO2-utslepp.

Sorter plasten, hald strandsonene og fjorden vår fri for bos!

Forrige
Forrige

Ecoinowaste sitt konsept på Håbakken

Neste
Neste

- Dette har vore eit problem i Sogndalsdalen i fleire år