Kjekt å møte abonnentane våre på Bondens marknad og Fruktbare dagar
Bokashi og matsvinn var tema som fengsla mange.
I haust har me stått på stand på Bondens marknad i Sogndal og på Fruktbare dagar på Leikanger.
– Det er kjekt å sjå at så mange er interesserte i heimekompostering og prøver å redusere eige matavfall mest mogeleg, seier Victoria Straumann, kundehandsamar i SIMAS og som stod på stand under Bondens marknad i Sogndal. – Spesielt mange er nysgjerrige på bokashi som er ein svært enkel komposteringsmetode der matavfallet blir til jord på berre nokre få veker, forklarar ho.
Inspirerande og miljøvenleg å vere del av krinsløpet ved å ha sin eigen jordfabrikk.
Bokashi føregår innandørs og er ein raskare prosess enn kompostering i isolert binge. Bokashi er lettvint, krev liten plass, luktar ikkje og passar like fint i leiligheiter som i hus med hage. Jorda du lagar med bokashi, er proppfull av næring og energi med eit rikt mikroliv og massevis av flotte meitemark.
Kvart år kastar nordmenn over 300 000 tonn mat som kan etast. Det er viktig å redusere denne mengda, men kva med det matavfallet som uansett blir kasta? Det bør me føre attende til krinsløpet. Gjennom kompostering blir matrestar og grønt frå hagen brote ned og gjort om til kompostjord. Den ferdige komposten er gull verd som jordforbetring og gjødsel i hagen.
Kompost frå SIMAS
– Me hadde med kompostjord frå Festingdalen for å vise korleis jord av matavfallet me får inn blir, seier Dagny Ugulsvik Alvik. I Festingdalen har det vore mogeleg å hente kompostjord gratis. Det er no tomt for i år, men det blir store mengder kompost ferdig til våren, fortel Ugulsvik Alvik.
Interessert i å vite meir om kompostering?
Rein Jord! Handbok i heimekompostering frå Naturvernforbundet
Kva er Bokashi? Bokashi Norge