Avtale om heimekompostering
I Renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS er det opna for at abonnentane kan kompostere sitt eige våtorganiske avfall. Gebyret vert fastsett i samsvar med dei kombinasjonane som kjem fram ved samanstilling av volum.
Abonnenten forplikter å:
skaffe ein behaldar som er godkjent av SIMAS. Me kan formidle kjøp av behaldar
gjennomføre (eller ha gjennomført) kurs i heimekompostering
levere behaldar for våtorganisk avfall attende til SIMAS for å oppnå gebyrreduksjon - eller be om henting av behaldar
kompostere på ein hygienisk tilstrekkeleg måte, som ikkje tiltrekker seg skadedyr, medfører avrenning, vond lukt eller er til ulempe for omgjevnadene
kompostere alt våtorganisk avfall. Våtorganisk avfall skal ikkje kastast i anna behaldar eller gravast ned
gje beskjed til SIMAS dersom komposteringa vert avslutta (gebyrreduksjon opphøyrer)
Fyll ut skjema:
NB! SIMAS kan føre kontroll med at avtalen vert oppfylt. Ved brot på avtalen kan SIMAS inndra løyvet til å heimekompostere. Dersom abonnenten ikkje oppfyller opplysningsplikta, eller gir feil opplysningar, slik at det vert betalt for lågt gebyr, kan SIMAS føreta avrekning.