– Det kjem inn mykje merkeleg på miljøstasjonane

Stian (24) har tilbakt fleire somrar på miljøstasjonane våre.

Stian André Fossøy har vore sommarvikar hjå oss sidan 2015. Som historiestudent i Bergen trengte han sommarjobb og fann ei annonse i avisa.

– Eg starta i Festingdalen, på miljøstasjonen der. Eg likte meg godt og ønskte å fortsette i jule- og sommarferiar - og det fekk eg. Det er ei fin avkopling frå studentlivet, der eg set mykje inne. Hjå Simas får eg vere ute, og møter mange hyggelege menneske, fortel 24-åringen.

– I år har eg òg fått skikkeleg t-skjortemerke, flirer han.

I sommar har systrendingen drifta ulike miljøstasjonar rundt om i Sogn. Det er han som rettleiar deg om du kjem med bos. Og folk kjem med mykje merkeleg.

– At so mange trur at batteri og lyspærer skal i same avfall, undrar eg over. Og at folk har so mykje å kaste? Me er open kvar veke og det er alltid mykje bos som kjem inn, fortel han.

Stian tek fatt på sitt siste år som masterstudent i historie, og er litt usikker på om han kjem igjen neste sommar.

– Me får sjå. Eg trivst veldig godt her. Det er hyggelege folk og mange kjente vikarar som kjem igjen. Det er eit sikkert sommarteikn når me sommarvikarane kjem og dei andre går ut i ferie.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kor lenge kan dette gå?

Neste
Neste

- No ser eg kor viktig kjeldesortering er