Kor lenge kan dette gå?

1. august hadde me «brukt opp» jordas ressursar for i år. Om alle skulle levd som nordmenn, ville me ha trengt 3,6 jordklodar.

Dette var innleiinga på ein artikkel på nettsida til NRK denne dagen. Dette er ein viktig sak også for oss i vår del av landet som underteikna har lyst å kommentere.

Ressursar på rett veg?

Markeringa av jordas overforbruksdag kjem tidlegare enn nokon gang og betyr at resten av året brukar menneske naturressursane som jorda treng meir enn eit år på å balansere.

SIMAS har i sin strategiplan definert at visjon for selskapet er at me skal arbeide for at ressursane kjem på rett veg. Me har, i tillegg til fokus på klimagassutslepp, hatt gjenvinning av avfallet me får inn som hovudfokus.

Det er likevel utfordrande å finne løysingar for mange avfallstypar, og spesielt sidan me har avgrensa mengder, vil ofte kostnaden bli høg på handteringa av enkelte avfallstypar. Men spørsmålet blir om me på sikt har noko anna val enn å leite etter andre løysingar enn det me har i dag?

Politiske signal går på at det er vilje til større bruk av verkemiddel for å oppnå større miljøeffekt. Nye og strengar krav kjem innanfor avfallshandtering. Dette påverkar oss i det daglege. Eg trur at det er viktig å ligge i forkant av krava som etter kvart kjem. Det er på denne måten me tilpassar oss mest mogleg kostnadseffektivt.

Det blir viktig å følgje med på alle utviklingstrekka i bransjen, for endringane kjem raskt. Ønske om å finne nye løysingar kjem også frå næringsaktørane. Me har i år tatt i mot ølglas (PLA-plast) i frå fleire musikkfestivalar utanfor vår region der dei har klare og tydelege ambisjonar innan miljø. Dette utviklar oss og me finn løysingar.  

Kva gjere SIMAS?

SIMAS var tidleg ute med kjeldesortering, og spesielt var me tidleg ute med å sortere ut matavfallet. No ser me at regelverket er på plass og at alle må starte med utsortering av matavfallet. Dette vil mest sannsynleg auke kostnaden ved innsamling av avfall mange plassar i landet.

For oss i SIMAS er matavfall ein ressurs og eit råstoff for ny produksjon. Me kjem neste år til å lansere fleire produkt basert på matavfall, der målet er å ta vare på næringsstoffa som er brukt til å produsere maten til produksjon av ny mat. Då får me sirkulærøkonomi i praksis. Å bruke næringsstoffa til produksjon av til dømes energi er ikkje sirkulær økonomi. Det har tatt tid, peng og ny kompetanse for å få utvikle produkta me no planlegg lansering av, men eg er ikkje i tvil om at dette er rett veg å gå – ressursar på rett veg!

I tillegg har me moglegheit til å få til lokal løysing for bruk av restavfall, trevirke og andre brennbare avfallstypar. Her kan me spare store mengder CO2-utslipp om me brukar energien lokalt. Dette kan danne grunnlag for ny næringsverksemd lokalt i vår region. Innanfor byggavfall skal 70% av avfallet ombrukas innan 2020 i følgje EU-direktiva. Kva gjere me med dette? Her jobbar me med eit pilotprosjekt i lag med lokale aktørar for å vise korleis dette kan gjennomførast i praksis.

SIMAS er ein liten aktør, men har klart å avdekke mange potensiale for å nytte avfallsressursane på ein god måte lokalt. Dette kan på sikt resultere i fleire arbeidsplassar og bedriftsetableringar, men ikkje minst betre ressursbruk og mindre klimagassutslepp. Me ser mange moglegheiter, men me treng fleire med på laget! Kanskje me skulle hatt som målsetning om at i Sogn skulle jordas ressursbruk vore i balanse?   

Leserinnlegg av direktør Hallvard Thomassen, på tykk i Sogn Avis laurdag 18. august.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ver med å plukk bos i haust

Neste
Neste

– Det kjem inn mykje merkeleg på miljøstasjonane