SIMAS opnar jordtorg
No kan du henta matavfallet ditt som kompostjord i Festingdalen.
Det du kastar i den våtorganiske dunken, blir til næringsrik kompostjord. No kan du få det heim i eigen hage.
– Me har jobba lenge med å få på plass kompostjord av høg kvalitet. Etter mykje testing har me fått til eit godt produkt, fortel Dagny Karin Ugulsvik Alvik, HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS.
Frå matavfall til kompost
Matavfallet ditt er ein viktig ressurs. Det du leverer i den våtorganiske dunken, blir no til næringsrik kompostjord hjå SIMAS.
Me tek alt det våtorganiske avfallet gjennom ein godkjent komposteringsprosess. Matavfallet blandar me med hageparkavfall, og legg alt opp i store rankar. I komposteringsprosessen vert det utvikla store mengder varme slik at alt av bakteriar, frø og liknande døyr.
Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, og så er den klar til bruk. Våre prøvar viser eit godt næringsinnhald og ingen forureining. Komposten blir registrert hjå Mattilsynet, og stettar krava til Gjødselvareforskrifta.
Få ein frodigare hage
Kompostjord frå SIMAS er eit miljøvenleg, billig og effektivt verktøy for å få ein frodig hage. Komposten er rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet og plantane. Kompostjord er difor som gjødsel. Kjøper du ublanda, er det lurt å blande komposten med vanleg jord. Vel du å kjøpe kompostmiksen, kan du nytte den som plantejord som den er.
– Komposteringsprosessen vil ta knekken på det meste av ugrasfrø og snigleegg. Komposten vil difor normalt vere fri for ugras og brunsniglar, fortel Ugulsvik Alvik.
Dei siste åra har SIMAS delteke i forskingsprosjekt saman med Njøs Næringsutvikling AS - frukt- og bærsenter på Leikanger, og andre nasjonale og internasjonale forskarmiljø med spisskompetanse innan kompostering, mikrobiologi og jordfruktbarheit.
– Dei har vore medverkande til at med har fått til ein næringsrik kvalitetskompost av mat- og hage/parkavfall.
Kjøp kompost på jordtorget
I fyste omgang vil kompostjorda bli selt på SIMAS sitt jordtorg i Festingdalen. Det vil òg vere mogleg å få kjøpt kompostmix hjå Einar Dalaker på Kaupanger og P. A. Øren i Høyanger. Etter kvart vil dette vere mogleg på alle miljøstasjonane.
– Kom i opningstida og kjøp kompost i lausvekt (pris per kubikk) - eller fyll opp i sekker sjølve. Det er sjølvbetening og ein betaler på vekta. Dersom du treng kompost til større prosjekt kan du ringe å bestille, og me kan køyre heim til deg, fortel Ugulsvik Alvik.
Me sel to typar kompostjord:
Rein kompost som egnar seg som jordforbetring i eksisterande beplantning. Rein kompost er ikkje berekna til direkte bruk som vekstmedium. Den bør difor blandast ut med sand eller næringsfattig jord.
Kompostmix er utblanda med sand/grus. Denne egner seg mellom anna godt til plenblanding. Fri for store steinar og god drenering.