Er det rett at andre må ta kostnaden med å rydde etter deg?

Slik så det ut ved fleire av våre hyttecontainerar i påsken ...

Det synes me er synd. Skikkeleg synd. Det skal ikkje sjå slik ut. Hytteeigarane betalar for å ha eit godt renovasjonstilbod, og me gjer vårt beste for å gje det tilbodet me lovar.

Ein slik container for restavfall skal ikkje innehalde ei barnevogn eller plankar. Containeren er der for vanleg hushaldsavfall som ikkje kan gjenvinnast. Difor er òg ein del av containerane designa med mindre luker: for å ta i mot mindre bossposar med hushaldsavfall.

Det betyr ikkje at ein skal sette bossekkar med boss utanfor containeren. Eller leggje tørkestativ eller byggmaterialar utanfor containeren. Dette er avfall som må leverast på miljøstasjonen.

Problemet balar på seg

Våre tilsette som skal hente containeren, kjem med ein renovasjonsbil som tømmer containerar. Dei har ikkje muligheit til å ta med seg anna enn restavfall som ligg i containeren. Dei kan ikkje ta med seg trevirke, jern, glass og større ting som ikkje kan komprimerast. Det medfører at me må opp med ein containerbil i tillegg. Dette fører til auka kostnadar – kostnadar som går ut over våre abonnentar.

Me høyrer folk skuldar på turistane frå utlandet. Men denne påsken har det nesten ikkje vore turistar frå utlandet i Noreg ...

Ikkje gratis for nokon

Så til deg som legg frå deg alt mogleg utanfor containeren: tenk på alle dei som må betale for å rydde opp etter deg. Og tenk på dei som drar på miljøstasjonen og betalar for å levere større mengder avfall, slik ein skal. Bos er ikkje gratis for nokon å handtere. Då kan det heller ikkje vere gratis å levera.

Tenk deg om. Og tenk på miljøet.


Kvifor ikkje sei som Rasmus Mo? «Hina kå enkelt»

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sommartid og utvida opningstid på miljøstasjonane

Neste
Neste

SIMAS opnar jordtorg