Simas hentar juletreet ditt i januar

Jul

Du kan setje ut treet ved fyrste tømming av restavfall på nyåret.

SIMAS kjem som alltid og hentar juletre rundt om i Sogn. Du kan setje ut juletreet saman med avfallsbehaldarane på fyrste tømming av restavfall i januar.

Om du gløymer det, eller ikkje kan setje ut treet denne dagen, kan du levere juletreet på ein av miljøstasjonane våre heilt gratis.

Ikkje brenn juletreet

Det er fleire grunnar til at ein bør la vere å bruke juletreet som fyringsved.

Grantre inneheld mykje kvae. Det gjer at treet brenn eksplosivt, og på den måten er svært brannfarleg. Ein får heller ikkje tilført nok luft til forbrenninga, og det vil danne seg gassar og partiklar som hamnar i skorsteinen. Dette aukar faren for pipebrann. Gassane som vert danna er i tillegg helseskadelege. Dei kan virke kvelande og skape irritasjonar i luftvegssystemet. 

Me hentar óg julegåvepapiret

Ved fyrste tømming av restavfall på nyåret, hentar me òg julegåvepapiret i eigen sekk. Nytt den sekken du vanlegvis nyttar til plastemballasje, og sett den ut i lag med restavfallsbehaldaren.

Hugs at gråpapir og resirkulert gåvepapir kan sorterast i behaldar for papp og papir.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra tømmeruter og opningstider i jula

Neste
Neste

Besøk frå Høgskulen og Sogndal VGS