Besøk frå Høgskulen og Sogndal VGS

Elevar Sogndal VGS

SIMAS vil bidra positivt inn mot utdanningsinstitusjonane kring oss. Denne veka har me hatt besøk av to grupper med studentar.

Ein viktig del av samarbeidet med utdanningsinstituasjonane, er å ta imot elevar og studentar på anlegga våre. Her gjev me fagleg innsikt, deler av eigen kunnskap og syner studentane korleis avfallet blir handtert. Ikkje minst får me óg gode innspel frå studentane!

Les også: Utvida samarbeid med Høgskulen

Sirkulærøkonomi i bygg- og anleggsbransjen

Elevar frå bygg og anlegg ved Sogndal VGS var måndag på besøk på anlegget i Festingdalen i Sogndal.

Her fekk dei ei innføring i sirkulærøkonomi og kva endringar det medfører - både innan renovasjon, og i bygg- og anleggsbransjen. I tillegg fekk dei vite meir om korleis private og næringsdrivande handterar farleg avfall på best mogleg måte.

Men kanskje kjekkast var omvisinga på anlegget, kor dei fikk høyre frå leiarane av miljøstasjonane og produksjonen i Festingdalen. Spesielt pressehallen med store maskinar og mykje lyd gjorde inntrykk.

Studentar HVL Sogndal

Uthenting av naturressursar

På onsdagen fekk me nok eit besøk, denne gongen frå tredjeårsstudentane på Fornybar Energi ved Høgskulen på Vestlandet.

Det faglege innhaldet retta seg framleist mot sirkulærøkonomi, men med fokus på tempo i uthenting av naturressursar. Dei fekk óg innsyn i korleis politikk styrer endringar i avfallsbransjen. Studentane fekk sjølvsagt også ein omvising på anlegget i Festingdalen, der ombruksstasjonen vekka særleg stor interesse.

Me i SIMAS er glade for interessa frå utdanningsinstitusjonane. Me fekk mange gode spørsmål som me tek med oss i vidare utvikling! Ikkje minst er det alltid kjekt å få lov å gje unge, kloke hovud eit innsyn i korleis avfallet blir handtert i Sogn.

Takk for besøket!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Simas hentar juletreet ditt i januar

Neste
Neste

To ledige stillingar