Simas hentar juletreet ditt i år også

Jul
image.jpg

Du kan setje treet ut ved fyrste tømming av restavfallet.

Me kjem og hentar treet ditt i år òg. Du kan setje det ut saman med avfallsbehaldarane på fyrste tømming av restavfall i januar. Om du gløymar det, eller ikkje har moglegheit til å setje ut treet denne dagen, kan du levere juletreet på ein av miljøstasjonane våre. Dette er gratis.

Ikkje brenn juletreet

Det er fleire grunnar til at ein bør la vere å bruke juletreet som fyringsved.

Grantre inneheld mykje kvae og det er den som gjer at treet brenn eksplosivt, og slik er svært brannfarleg. Ein får ikkje tilført nok luft til forbrenninga, det vil difor danne seg gassar og partiklar som hamnar i skorsteinen. Dette aukar faren for pipebrann. Gassane som vert danna er òg helseskadelege. Dei kan virke kvelande og skape irritasjonar i luftvegssystemet. 

NB! Me hentar òg julegåvepapiret i eigen sekk. Sett også denne ut ved første tømming av restavfall.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bruk opp restane frå julematen

Neste
Neste

Endra tømmeruter i 2022