Bruk opp restane frå julematen

Ikkje kast restar av ribbe, pinnekjøt eller peparkaker som er til overs på nyåret. Gje dei nytt liv som eit smakfullt måltid!

Det er nok mange som ikkje fekk ete opp julematen i jula og romjula, men har restar liggjande på nyåret. Det er mykje spanande ein kan lage med restane, om ein berre tør å tenkje litt kreativt.

Asiatisk ribbe eller pinnekjøt i vaffel?

Kan det freiste med sandwich med ribberestar, asiatisk-glasert ribbe eller pinnekjøt med smak av honning? NRK har samla ei oversikt over 15 rettar du kan lage med restar frå julematen.

På matprat.no finn du ein heil kategori med oppskrifter av julematrestar.

Eller kva med å prøve Too Good To Go sin oppskrift på pinnekjøt i vaffel?

Som om det ikkje var nok, har MatPrat ein heil kategori med gode idear til rettar kor ein får nytta restane frå julematen.

Nyttårsønske frå SIMAS

– Ønsket frå oss i SIMAS er at sogningane har fokus på å kaste mindre mat no i året som kjem, seier Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

– Eit tips kan vere å ete seg ut av kjøleskapet før ein handlar inn meir mat, og å bli betre på å planlegge innkjøpa. Sjekk i det minste kva du har i kjøleskapet før du handlar inn.

– Og ikkje gløym at det er mykje godt ein kan lage av restane frå julematen - og på nyåret, avsluttar ho.

Sjå fleire matreddar-tips frå folk i Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ingunn Liljedahl er vinnar av julekonkurransen

Neste
Neste

Simas hentar juletreet ditt i år også