Saman skal SIMAS og ViteMeir få deg til å kaste mindre mat

Det skal me gjere med vitskapsvideoar frå smakslaben på Kaupanger.

SIMAS har hatt fokus på å redusere matsvinn i Sogn ei god stund. Abonnentane har sortert ut matavfall sidan 2002, og SIMAS lagar kompost av alt matavfallet som kjem inn til Festingdalen.  

Men i 2020 gav plukkanalysen SIMAS eit lite sjokk. For av all den maten me kastar, kunne 50 prosent vore eten. Me hadde altså ikkje trengt å kaste all den maten, den var ikkje dårleg.  

– Me vart litt overraska over at det vart så mykje mat som var etbar. Me innsåg at me må lære folk å ete mat som ikkje er dårleg, men kanskje berre er litt skada eller redusert. Og då er me glad for å få med oss ein matvitar frå ViteMeir, seier Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS- og kvalitetsleiar i SIMAS.

Må informere betre

Samarbeidet med ViteMeir vart starta i vår. SIMAS trengte ein vitskapsmann, og ViteMeir ønskjer å formidle kunnskap.

– Det handlar om å informere betre. Folk er kanskje redd for å bli dårleg av maten eller så kan dei ikkje nok. Då er det ei enkel løysing å kaste maten. Men det ønskjer me å gjere noko med. Ved å informere om både myglesopp og haldbarheit, så vil folk vite meir, fortel Lars Haugen Aardal.

Systrendingen er naturfagslærar, matnerd og sjef for smakslaben på ViteMeir. Og han brenn for smakar og smakskombinasjonar.

– Folk må ikkje vere så redd for å smake på ting. Smak er samansett av fleire sansar, både lyd, luft og syn. Så regelen om å sjå, lukte og smake før ein veit om maten er dårleg, er ein god regel.  

Bli ein matreddar

I starten av 2021 tok Hallvard med seg sogningane inn i kjøleskapet sitt, i håp om å få folk til å bli på kampanjen «bli ein matreddar». SIMAS har delt tips frå folk i Sogn, men ønskjer no meir slagkraft i kampanjen.

– Åtferdsendring tek tid, men me håpar samarbeidet med ViteMeir skal få endå fleire til å bli meir bevisst på matsvinn. Me håpar å kunna dukka ned i avfallet igjen om ei stund og sjå at me kastar mindre mat enn me gjorde i 2020, fortel Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS. 

 

 Sjå nokre av filmane her:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No er det slutt på felles returpunkt for glas- og metallemballasje

Neste
Neste

SIMAS søkjer mekanikar og vedlikehaldsansvarleg