No er det slutt på felles returpunkt for glas- og metallemballasje
Private abonnentar skal no nytte sin eigen behaldar for å levere glas- og metallemballasje.
I løpet av 2020 og 2021 fekk alle private hushaldningar utlevert eigen behaldar for glas- og metallemballasje. I samband med dette, har dei felles returpunkta for glas- og metallemballasje blitt fjerna. Dette gjeld mellom anna returpunktet bak AMFI Sogningen i Sogndal.
Korleis levere glas- og metallemballasje?
Legg emballasjen rett i den nye dunken for glas- og metallemballasje. Unngå å pakke emballasjen inn i t.d. plastpose.
Har du meir som ikkje går i behaldaren, kan du levere mindre mengder emballasje heilt gratis til nærmaste miljøstasjon eller hovudanlegget i Festingdalen.
Har du ikkje fått behaldar til glas- og metallemballasje? Ta kontakt med SIMAS.
Hytteeigarar og næringsdrivande
Hytte: For hytteabonnenter finst det eigne returpunkt for glas- og metallemballasje ved hyttepunktet.
Næring: Kontakt renovasjonsselskapet ditt for levering av glas- og metallemballasje.