Saleh frå Eritrea har jobba hos oss i desember

35-åringen har fått prøve seg i avfallsbransjen gjennom Fretex sitt nye tilbod - og stortrivst.

- I Eritrea samla vi alt bos på ein plass, der det vart brunne eller lagra vekk. Det var ikkje noko sortering som her i Sogn, fortel Saleh Ali Saleh.

Saman med kone og ungar, kom dei til Noreg som flyktningar i desember 2012. I dag bur dei med fire små ungar på Kjørnes. Dei trivst godt her i Sogn, og synast området passar bra og gjer dei godt. Her kan Saleh studera, jobba og ta vare på familien sin.

- Eg får læra masse nytt her. Eg håpar dette kan hjelpe meg til å få ein fast jobb i næraste framtid, so eg kan forsørga familien min, seier han.

Utdanning i Noreg

I Noreg har Saleh tatt vidaregåande utdanning. Han gjekk transportlinja på Kaupanger, der han tok truck-sertifikatet. I tillegg har han jobba for Lopex, som driv mottak etter avtale med Utlendingsdirektoratet. Her bidrog han med miljøarbeid på asylmottak for mindreårige. Han jobbar òg litt for Mestring og Læring-senteret på Hafslo. For å komma i gong med dette, har han fått hjelp frå Nav.

No har han vore utplassert hjå SIMAS i Festingedalen i desember, noko me i SIMAS sett stor pris på.

- Dette er for å gi folk ei sjanse til å sjå kva bransje ein kan tenke seg å jobbe i. Det har vore ein yrkeserfaring for Saleh, og han har vore ein god ressurs for oss. Så får med sjå om me har ledige stillingar i framtida som kan passe for Saleh, fortel Gunnar Barsnes Onarheim, arbeidsleiar i SIMAS.

Fretex står bak

Fretex starta opp Jobbsmak i Sogn sommaren 2016, etter å ha vunne eit anbod om tiltaka ”oppfylging” og ”avklaring” i fylket. Jobbsmak er, som ordet seier, ein smak på ein jobb.

Fretex er den største attføringsbedrifta i Noreg og jobbar med å hjelpa menneske ut i arbeid, blant anna med bruk av Jobbsmak.

- Det kan vere nokon som har ein tanke om arbeid som verker spennande, men som ikkje veit korleis dei skal få testa det. Gjennom oss får dei oppleve arbeidsplassen, noko som kan gi ei betre forståing av kva arbeidet går ut på. Kanskje det kan gi eit svar på ønskt yrkesretning for vidare jobbsøking, fortel Marit Vold, jobbkonsulent i Sogndal.

Ho fortel at det er bedrifter som SIMAS som gjer at dei kan gi best mogleg oppfølging til sine jobbsøkarar. At SIMAS tek eit samfunnsansvar for lokalbefolkninga står det respekt av.

- På første møte med SIMAS fikk vi ei god og grundig innføring i bedrifta, samt ein kaffikopp og ein vennlig stab. Me håper at også i framtida kan bringe oss fleire gode samarbeid med SIMAS, seier Vold.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva skjer i avfallsbransjen?

Neste
Neste

Feil kalender i Høyanger og Balestrand kommune