Kva skjer i avfallsbransjen?
Det er slutt på å grava ned bos for å verta kvitt eit problem. Avfall har i auka grad blitt ein ressurs!
Av Hallvar Thomassen, dagleg leiar
På god veg inn i eit nytt år, kan det vera interessant å sjå på utviklingstrekk i avfallsbransjen. Stadig fleire ser på avfall som ein ressurs, som kan nyttast vidare som basis for ny næringsutvikling. Det er slutt på å grave ned avfallet for å verta kvitt eit problem!
«Grønt Skifte» er ord som er mykje på dagsorden i den offentleg debatten. Uttrykket vert nytta i mange ulike samanhengar og tydinga kan vera ulik. Kva ligger eigentleg i dette utrykket?
EU har knytt dette inn mot overgang frå lineær til sirkulær økonomi, der me hindrar tap av verdifulle materialar gjennom auka gjenvinning, reduserte klimagassutslepp og negative miljøkonsekvensar.
SIMAS har sidan 2013 arbeida med fleire potensielle prosjekt for å konkretisere områder som kan vera realiserbare i vår region. Me har no to prosjekt som me arbeider vidare med, som også heng saman. Prosjekta kan danne grunnlaget for auka verdiskaping og fleire arbeidsplassar, samt vera viktig for å nytte andre naturbaserte råvarer. Dette er spennande prosjekt for å utvikle nye næringar i vår region – slik blir avfall ein ressurs!
I det dagleg arbeider me for at våre kundane skal vera tilfredse med den tenesta og arbeidsoppgåva SIMAS har ansvaret for. Eigarane våre, dei 9 eigarkommunae, har vedteke ein ny strategiplan for selskapet: «Avfall 2020». Denne viser korleis SIMAS skal utvikle seg. Det er laga konkrete målsetningar for korleis tenestetilbodet skal utviklast. Dette håpar me at du som brukar av tenestene vil merke som ei positiv endring.
Me i SIMAS vil med dette ønskjer eit godt og miljøvennleg 2017!