Pressemelding: Renovatøren RenoNorden er konkurs

PRESSEMELDING

Renovatøren RenoNorden er konkurs

Vår samarbeidspartnar og transportør av avfall, RenoNorden AS, har i ein børsmelding måndag kveld informert om at dei er konkurs. RenoNorden har stått for inntransport av avfall frå hushaldingar og næringsaktørar i heile SIMAS-regionen. Konkursen kan medfører utfordringa for innhenting av avfall, og det kan bli ein krevjande periode før me har alternativ løysing på plass. Konkursbuet kan tre inn i kontrakten som SIMAS IKS har hatt med RenoNorden.

Me har vore kjend med den krevjande situasjonen til RenoNorden og har jobba med ei kriseløysing, men me treng å samarbeide med konkursbuet eller andre aktørar om å få på plass ei løysing. Målet er å få på plass ei løysing so raskt som råd.  

Når me har ny informasjon vil den bli publisert på heimesida vår og på Facebook.

Renovasjonskøyringa går som planlagt i dag, tysdag 19.09.17. Me vil komme med informasjon so raskt som råd når me veit noko meir

Sak frå nrk.no:
https://www.nrk.no/sognogfjordane/henting-av-bos-i-det-bla-1.13696537

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Pressemelding: Konkursbuet stoppa hentinga av boss i SIMAS-regionen

Neste
Neste

SIMAS stiller med stand på Strandsitjardagane 2017