Pressemelding: Konkursbuet stoppa hentinga av boss i SIMAS-regionen

 

PRESSEMELDING

Festingdalen 20.09.17

Konkursbuet stoppa hentinga av boss i SIMAS-regionen

SIMAS har jobba med å avklare korleis ein skal løyse utfordringane som har oppstått etter konkursen i RenoNorden AS. Det er to kontraktar det er snakk om, seier direktør Hallvard Thomassen i SIMAS IKS. Den eine er knytta til innhenting av hushaldningsavfall og den andre er for henting av container.  Konkursbuet har no stoppa innkøyringa til SIMAS. Dette etter at det ikkje vart oppnådd einigheit rundt forholda med innkøyring fram til endeleg avklaring.

Bustyret har gitt beskjed om at vidare drift er avhengig av at SIMAS seier frå seg alminnelege kontraktsrettslege rettar og plikter i avtalen. Dette oppfattar me som forsøk på utpressing frå buet si side, seier Thomassen.  Stopp i oppdraget ser me på som eit vesentleg brot på kontrakten. Simas vil no krevje kontrakten heva.  Simas krev også at buet uten ugrunna opphald tek stilling til om buet vil tre inn i RenoNorden sin avtale.

Det vil ikkje bli henta avfall på rutene som går i dag, torsdag, og fredag. Dette beklagar me på det sterkaste.  Me jobbar hardt for at ulempene vert minst mogleg, men kan ikkje garantere kva løysing som kjem på bordet. Me har jobba for å ta over dette arbeidet i eigenregi. Då treng me avtale med buet om at dei ikkje trer inn i kontraktane eller transporterer desse vidare til andre aktørar, men dette har me ikkje lukkast med, seier Thomassen.

Me vil komme med ytterlegare informasjon i løpet av dagen. Følg med på heimesida vår oppfordrar Thomassen.

For ytterlegare informasjon kontakt:

Hallvard Thomassen 57 65 70 71/99 57 81 18 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Informasjon frå Simas

Neste
Neste

Pressemelding: Renovatøren RenoNorden er konkurs