Planlegg du å rydde i naturen?

Då er det kjekt at SIMAS tek imot eigarlaust marint avfall gratis på miljøstasjonane!

Me har valt å bidra til å støtte frivillig innsats der enkeltpersonar og grupper gjer ein innsats for å redusere forureining og halde naturen rein. Ordninga for handteringa av det innsamla avfallet er finansiert gjennom ei refusjonsordning organisert av Miljødirektoratet.

 

Takk for at du bidreg til rein natur i Sogn!

Korleis gjennomføre

  1. Hent sekker til innsamling på nærmaste miljøstasjon eller bruk ein du allereie har heime.

  2. Registrer ryddeaksjonen enkelt her. For å få arbeidet med handsaming av avfallet refundert er det påkrevd at aksjonen er registrert.

  3. Plukk avfall. Det kan vere lurt å t.d. gå saman med fleire der ein samlar ulike materialar i ulike sekker eller poser undervegs. Ved å sortere* gjer du det mogleg å gjera folkeforskning på det som vert innsamla, du bidreg også til å auke sjansen for resirkulering av det du har plukka.  

  4. Interessert i å bli premiert for arbeidet? Ved å registrere det innsamla avfallet hjå Kystlotteriet.no kan du vinne flotte premier for innsatsen!

  5. Lever avfallet på din nærmaste miljøstasjon, gratis.

 * Grovsortering. T.d. Plast, trevirke og metall kvar for seg.

Les meir om historia til Kystlotteriet og Strandryddeveka her.

Forrige
Forrige

Vårinnsamlinga vert flytta til haust 2025

Neste
Neste

Batterijakten 2025: Skulekonkurransen er snart i gang!