Batterijakten 2025: Skulekonkurransen er snart i gang!
Foto: Trond Høines/Loop
Sidan 2013 har tusenvis av fjerdeklassingar gjort ein stor innsats for å sørge for at fleire batterier hamnar på rett plass.
Samtidig som stadig fleire ting går på strøm, veks haugen med brukte batteri. I Noreg har kvar heim rundt 70 batteri i elektrisk utstyr til ein kvar tid, og då er det viktig at desse blir levert til gjenvinning.
Kvart år arrangerer Miljøagentene “Batterijakten”, ein nasjonal konkurranse for alle fjerdeklassar. Målet er å samle inn brukte batteri til gjenvinning og spreie kunnskap om kvifor dette er viktig.
Konkurransen lærer elevane om ressursbruk og miljøvern på ein engasjerande måte. I tillegg til å samle batteri, kan elevane løyse kreative oppdrag og vinne flotte premiar som går til miljøvennlege formål.
Batterijakten 2025 varer frå 17. mars til 6. april. Påmelding via Miljøagentene.
Korleis sortere batteri i Sogn?
Teip polane på batteria, då unngår du at dei utgjer ein brannfare
Ta med batteria og lever gratis til i daglegvarebutikk eller på miljøstasjon
Det kan vere lurt å samle brukte batteri eit syltetøyglas eller isboks, og ta dei med samtidig som du handlar eller pantar flasker.
Kvifor sortere batteri?
Vernar naturen: Riktig sortering hindrar miljøgifter frå batteri i å skade naturen.
Førebyggjer brannar: Feilsorterte batteri kan starte brannar i avfallssystemet.
Sparar ressursar: Gjenvinning reddar verdifulle råstoff som sink, litium og kobolt, som finst i begrensa mengde.
Sparar klimagassutslipp: Mange råstoff i batteri blir henta ut frå gruver, noko som gir store klimagassutslipp.
Betre avfallshandtering: Sorterte batteri kan behandlast trygt og effektivt.