Tilskotsordninga og mottak av fritidsbåtar er i gang
Fyrste båt etter at den nye tilskotsordninga var på plass, vart i dag levert i Festingdalen.
Stortinget har vedteke ein statleg finansiert tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar som trer i kraft 1. oktober. Tilskotsordninga skal bidra til å sikre forsvarleg handsaming av kasserte båtar og stimulere til auka innsamling til materialgjenvinning og anna lovleg handsaming av desse. Ordninga skal slik forebygge at kasserte fritidsbåtar kjem på avvege. Alle miljøstasjonane tek imot fritidsbåtar etter denne nemninga:
"Med fritidsbåtar meiner ein her fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 fot/4,57 meter), uavhengig av totalvekt, og som nyttast utanfor næringsverksemd. Mindre fartøy som kano og kajakk inngår i tilskotsordninga."
Fritidsbåtar med aluminiumskrog samt kjøl og ballast i metall, omfattast ikkje av denne tilskotsordninga. Alle miljøstasjonane i SIMAS-kommunane tek imot båtar inntil 15 fot, men større båtar må leverast til Festingdalen for mellomlagring før det vert send vidare til godkjend sluttmottak.
Motor skal fjernast og leverast separat på miljøstasjonen, tom for bensin/olje.
Tilskotsordninga er todelt. Eigar av fritidsbåten og mottaket søkjer kvar for seg og uavhengig av kvarandre.
Privatpersonen som levara inn båten søkjer sjølv om tilskot, og skal sørgje for at dette skjemaet vert utfylt av operatør på det godkjende mottaket.
Søknadsskjema for privatpersonar finn de på nettsidene til Miljødirektoratet her.