Gje øydelagde tekstiler og sko ein sjanse til hjå Fretex

NYTT LIV:  Kleda dine kan ha mange gode år etter at du har gått lei av dei. Leverer du klede og tekstilar til gjenbruk og resirkulering, så hjelper du andre menneske samtidig som du sparer miljøet for belastinga av å laga nye. Foto: Fretex

NYTT LIV:  Kleda dine kan ha mange gode år etter at du har gått lei av dei. Leverer du klede og tekstilar til gjenbruk og resirkulering, så hjelper du andre menneske samtidig som du sparer miljøet for belastinga av å laga nye. Foto: Fretex

Visste du at uansett kor dårleg tilstand tekstilar og klede er i, så skal dei ikkje i restavfallet?

Produksjon av klede og tekstilar utset miljøet for store belastningar. Difor er det viktig å sørge for at det me ikkje lenger treng, går til gjenbruk eller resirkulering.

Vil ha øydelagde klede

Tinga du ikkje trur har nokon verdi, kan ha stor nytte for andre, så ikkje kast det. Det mange ikkje er klar over er at Fretex samlar inn absolutt alt av tekstilar og klede. Fretex ynskjer til og med einslege sko og øydelagde klede og tekstilar med flekkar på som ikkje vil vekk. Det som ikkje er i god nok stand til å selja, vert nemleg til nye ting.

Av alle klede og tekstilar som Fretex samlar inn går 78 % til gjenbruk og 20 % vert resirkulert.  Berre 2 % går til energigjenvinning. Det som går til gjenbruk vert selt i Fretex sine bruktbutikkar, eksportert for sal i bruktbutikkar i andre land, eller delt ut gjennom Frelsesarmeens sosiale arbeid.

Holete t-skjorter kan verta til pussefiller

Når det gjeld det som går til resirkulering, så samarbeida Fretex med fleire aktørar innan resirkulering av tekstilar. Dei øydelagde tekstilane vert då til nye pussefiller, råstoff til nye klede, isolasjonsmatter og myke meir. Fretex har også eigne designarar som redesignar øydelagde pledd, dukar og skinnprodukt til nye varer. Til dømes kan ei øydelagd skinnjakke verta omgjort til mange nye skinnprodukt.

Ved å gjenbruka tekstilar sparer du miljøet for den belastninga det er å produsera nye.
REDESIGN: Designarar hjå Fretex har sydd om ei øydelagd skinnjakka til 7 ulike produkt som skal seljast i Fretex-butikkar. FOTO: Morten Bendiksen og Spanish Inq

REDESIGN: Designarar hjå Fretex har sydd om ei øydelagd skinnjakka til 7 ulike produkt som skal seljast i Fretex-butikkar. FOTO: Morten Bendiksen og Spanish Inq


Slik tenkjer du gjenbruk i kvardagen

  • Ha ei korg til klede du vil gje vekk heima

  • Kjøp klede og tekstilar i god kvalitet som varer lenge

  • Sy om utdaterte klede og tekstilar til nye ting du faktisk treng

  • Kjøp klede laga av resirkulerte material

  • Arranger bytekveldar med vener der de byter klede og utstyr

  • Vel brukte klede, leiker og utstyr når du treng noko nytt.

  • Finn ut kvar du kan kjøpa, gje vekk, selja eller byta brukte klede.


Slik belastar kleda dine miljøet

  • Tekstilproduksjon krev enorme mengder vatn, kjemikaliar og klimautslepp.

  • Det går med 1400 liter vatn for å produsera ei t-skjorta

  • 165 farlege kjemikaliar vert brukt i industriproduksjonen

  • Å produsere kleda som ein Skandinav brukar på 20 år, gjev like mykje klimautslepp som ein køyretur rundt jordkloden.


Dette tek Fretex i mot

I Fretexboksene kan du donere klede, sko, belte, gardiner, sengetøy  og alt anna av tekstilar og tilbehøyr. Servise, pyntegjenstandar, bøker, interiørartiklar, sportsutstyr og småmøblar kan leverast til ein av Fretex sine butikkar.


Visste du at?

  • Du kan levera inn klede til Fretex på posten?

  • Du kan levera ein pose med klede til Fretex i en Lindex-butikk, og få 25 % avslag på et valfritt plagg?

  • Gjenbruk av tekstilar sparar miljøet for belastning av å produsera nye.


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Tilskotsordninga og mottak av fritidsbåtar er i gang

Neste
Neste

Mottak og tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar