Millionar av plastsugerøyr erstatta med papp
No er nytt eingongsplast-direktiv innført, eit direktiv som også sett ny standard for merking av plastemballasje.
Laurdag 3. juli vart det nye europeiske eingongsplast-direktivet innført og ei rekke eingongs plastprodukt forbodne. I tillegg blir det pålagd å merke ei rekke plastprodukt (dette kravet er utsett til 1. oktober).
Reglar for eingongsplast
Bomullspinnar, bestikk, tallerkenar, sugerøyr, røyrepinnar til drikkevarer, ballongpinnar og matbehaldarar eller drikkebeger av EPS (Isopor), vil etter kvart som lagera tømmast bli erstatta av andre alternativ.
Direktivet fører til at fleire produsentar har funne nye plastfrie alternativ til produkt som må fjernast. For produsentar som Tine, Ringnes og Coca Cola, som står bak drikkekartongane med saft juice, eller sjokolademjølk, inneberer forbodet innføring av sugerøyr i papp.
Les meir om dei nye sugerørene på Grønt Punkt Norge.
I løpet av juli erstattar Q-meieriene alle plastskeier med bambusskeier og fjernar dermed rundt 25 millionar plastskeier frå marknaden.
Det same gjør Tine. Dei fjernar til saman 80 millionar plastskeier, i tillegg til alle plastsugerøyr. Endringa inneberer at til saman 130 tonn plast vert kutta.
Hjå Synnøve Finden vert 5 millionar skeier bytta ut med treskeier.
Les meir om plastskeier på Grønt Punkt Norge.
Reglar for merking av plast
I forbindelse med innføringa av det europeiske eingongs-direktivet, vert det pålagt å merke ei rekke plastprodukt. Produkta som krev merking er: Sanitetsprodukt som bind og tampongar, våtserviettar, tobakksprodukt med filtre, tobakksfiltre og drikkebeger.
Målet med merkinga er at dei skal informere forbruker om at produktet innehelder plast og at det er negative miljøeffektar ved forsøpling. Mindre forsøpling vil også sikre betre avfallshandtering, og forhåpentlegvis meir kjeldesortering og auka gjenvinning.
Les meir om ny merking på Grønt Punkt Norge.