Kallar inn til sommardugnad for å ta knekken på lupinane
Maria Knagenhjelm ser lupinane gro «overalt» på Kaupanger og trur dei vil jage vekk dei stadeigne blomstrane våre om me ikkje gjer noko.
«Lupinen er vakker, ja. Men den «jagar» vekk dei stadeigne blomstrane våre. Bli med på sommardugnad og ta knekken på lupinane», skriv Maria Knagenhjelm på Facebook.
Dei siste åra har ein uønskja gjest byrja å snike seg inn i floraen vår. Den heiter hagelupin og tek større plass for kvart år. Lupinar kjem frå Nord-Amerika og er svartelista i Noreg då dei er vurdert til å ha svært høy risiko for spreiing.
– No dukkar dei til og med opp i Kaupangerelvi, i tillegg til her og der i vår vidstrakte bygd. For kvart år har eg sett lupinen dukke opp nye stadar. Korleis går det til?, spør Knagenhjelm.
Ho ønskjer å få med seg alle på Kaupanger til å bli med på sommardugnad:
– Lupinen er lett å plukke. Kva om vi kaupingar tek med oss ei pose neste gang vi skal på kveldstur? Plukkar med oss nokre lupinar før dei set frø? Då vil vi kanskje klare å spare vegkantane våre frå vidare massiv invasjon.
Ikkje kast i hagen
Me i Simas trur ein slik dugnad kan gjere nytte. Svartelista artar skal ein vere forsiktig med og ikkje kasta i hagen.
– Lever dei til oss i blanke bossekkar om du har større mengder, eller kast dei i restavfallsdunken. Ein kan òg kaste i våtorganisk avfall, men me er ikkje 100 prosent sikker på om alle frøa døyr i komposteringsprosessen. Så eg vil rada folk til å kaste i restavfall når det gjeld svartelista arter, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.
Les meir om hageavfall og famande artar.
Freistar med ein million kroner
Maria Knagenhjelm ønskjer å få med så mange som mulig og freistar difor med ein million kronar. For dei som brukar tid på å klyppe ned lupinar på Kaupanger vert nemleg med i trekninga av tre pakker med fem Flaxlodd.
– Du treng ikkje leite lenge for å finne blomen. Særleg ved idrettsanlegget, travbana og elles i vegkantane er det rikeleg av han.
– Korleis kan du vinne Flaxlodd og kanskje bli millionær? Bli med i FB-gruppe «Kaupanger før og no» og finn posten frå Maria Knagenhjelm før 1. august.