Lerumfabrikk blir til SIMAS-lager

Geir Øygard frå SIMAS (f.v.), Trine Lerum Hjellhaug og Sigrid Haukeland frå Norconsult. FOTO: SIMAS

Geir Øygard frå SIMAS (f.v.), Trine Lerum Hjellhaug og Sigrid Haukeland frå Norconsult. FOTO: SIMAS

Delar av stålkonstruksjonen frå den gamle fabrikkbygninga i Sogndal blir gjenreist i Festingdalen.

I dag har me hatt besøk av Trine Lerum Hjellhaug, for å vise delar av den gamle Lerum-fabrikken reise seg i Festingdalen. Me skal nytte delar av stålkonstruksjonen frå fabrikken til lager hjå oss.

– Dette er flott å sjå. Faren min var veldig oppteken av ombruk, så han hadde vore veldig glad for å sjå at delar av fabrikken lever vidare her, fortel Trine, som sjølv nyleg har lansert blogg om berekraft.

Dei gamle stålbjelkane er pussa og målt før dei vert nytta til det som skal bli ny lagerhall hjå oss. Ombruk av stålkonstruksjon frå Lerum er anslått til å spara 260 tonn med CO₂-utslepp, og gje ein økonomisk gevinst.

– Ja, det er gunstigare å bruka om att stål enn å kjøpa nytt, sjølv om ein får godt betalt for stål i dag. Det har me rekna på, med god hjelpt frå Norconsult, fortel Geir Øygard.

Me i SIMAS er glad det vert meir fokus på ombruk i byggjenæringa og at me sjølv kan vise at det løner seg.

– Berekraft er noko alle bedrifter må ta tak i. Ikkje vent til det kjem krav frå regjeringa, det er berre å byrja no. Alle kan gjera noko, seier Trine.

Du kan lese meir om saka i Sogn Avis.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Her sjekkar dei kva med-studentane kastar

Neste
Neste

Endeleg besøk av VGS-elevar igjen!