Endeleg besøk av VGS-elevar igjen!
Me er glad elevane frå Sogndal VGS er nysgjerrig på avfallsbransjen og tenkjer ombruk.
Denne veka har me hatt besøk av både Restaurant- og matfag og Bygg og anlegg. Det er fint å kunne ta imot besøk igjen.
For elevane frå Restaurant- og matfag hadde me særleg vekt på matsvinnet i Sogn, og dei var interessert i å starte eit samarbeid med fokus på matsvinn frå hausten av. Det blir spennande å sjå kva me får til.
Bygg og anlegg hadde mange gode spørsmål til oss, dei hadde førebudd seg godt. Dei skal skrive rapportar etter besøket om SIMAS, om byggavfall og handteringa av dette.
Me er glad VGS ynskjer å besøke oss, dette er framtidige arbeidstakarar i bransjar der ombruk og fokus på miljø er særs viktig. Dei bør kjenne til regelverk og kva som skal gjerast - og kanskje nokon vil jobbe her hjå oss?
Frå hausten håpar me alle yrkesfag ved Sogndal VGS kan besøke oss.