Du må legge inn adressa di på ny i appen

Årsaka til dette er at kommune- og regionreforma gjev alle kommunar ny ID.

Alle abonnentane våre må legge inn adressa si i appen Min Renovasjon på ny etter 6. januar. Dette gjeld både dei som bur i kommunar som vert samanslegne, og dei som bur i fylke som vert slegne saman. Såleis er alle SIMAS sine abonnentar råka av endringa.

Det vert sendt ut eit ekstra pushvarsel i appen Min Renovasjon når du må legge inn adressa di på ny.

Databasen kommuneadressene ligg i skal oppdaterast 3.-6. januar. Du kjem til å få eit varsel i appen om å legge inn adressa di på ny etter denne datoen. Det er fleire funksjonar som ikkje kjem til å fungere som normalt i denne perioden, mellom anna meldingsknappen og tømmevarsel. Spesielt de som har tømming på måndag må vere obs på at de kanskje ikkje får varsel. Dette gjeld rute 406, 506, 206, 606 og 106.

Har du ikkje appen enno? Appen heiter Min Renovasjon og er gratis å laste ned på AppStore eller GooglePlay.

Las ned appen

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ny tømming for rute 201

Neste
Neste

Sender du opp fyrverkeri på nyttårsafta?