Sender du opp fyrverkeri på nyttårsafta?
Brukt fyrverkeri kan du kaste som restavfall, eller levere som restavfall på miljøstasjonen
Ubrukt fyrverkeri eller fyrverkeri som ikkje gikk av må du levere attende til ein butikk som sel fyrverkeri. Du kan ikkje leverere det inn til oss, sidan udetonert fyrverkeri kan skape brann og farlege situasjonar i renovasjonssystemet.
Du tek vel med deg fyrverkerirestar etter oppskytinga?
Du må rydde etter deg og ta med deg fyrverkerirestar etter oppskyting slik at dei ikkje vert liggande att og forsøple i naturen. Plukk òg gjerne med deg andre sine fyrverkerirestar og søppel som kan liggje att etter nyttårfeiringa, men ver forsiktig med all handtering av eksplosiver.
Me ynskjer deg ei fin, trygg og miljøvenleg nyttårsfeiring!