Kan etikettane sitje på når eg sorterer glas- og metallemballasje?

glas-og-metall-med-etikettar.jpeg

Finn svar på spørsmål knytta til den nye, fjerde dunken.

Sjå status for utlevering av nye glas- og metallbehaldarar.

Kva skal eg sortere som glas- og metallemballasje?

Den fjerde dunken er berre berekna for glas- og metallemballasje. Dette inneber emballasje av glas og metall der det har vore mat, drikke eller andre hushaldsvarer i då du kjøpte dei. Behaldaren er altså ikkje meint for andre typar gjenstandar av glas og metall, berre emballasje.

Korleis gjere emballasjen klar for sortering?

  • Emballasjen skal vere tom når du sorterer den

  • Skyl og rist for å få ut restar

  • Tørk emballasjen drypptørr, så er den klar for sortering

Kor reint må det vere?

Emballasje som er veldig tilgrisa gjer dårlegare arbeidsforhold for dei som jobbar med gjenvinning, samtidig som det kan øydeleggje for gjenvinninga. Difor er hovudregelen at du skal reingjere emballasjen før du sorterer den – men den treng ikkje vere skinnande rein.

Kva med vanskelege matrestar?

Nokon gonger kan det vere vanskeleg å reingjere emballasjen skikkeleg. Då er det viktigast at det ikkje ligg matrestar igjen.

Nokon døme:

  • Aluminiumsform: Skrap ut restar, skyl forma i kaldt vatn og rist den drypptørr. Er den veldig tilgrisa, kan du la den stå i litt vann til innhaldet løyser seg opp, eller bruke tørkepapir for å få ut restane. Det går greitt om det er eit tynt fettlag igjen i emballasjen.

  • Olivenoljebehaldarar: Skyl emballasjen med ein gong den er tom. Har den kork eller lok kan du fylle den halvfull med kaldt vatn, skru på korken/loket, og riste for å fjerne mest mogleg restar. Det går greitt om det er eit tynt fettlag igjen i emballasjen.

  • Påleggstubar: Du kan sortere påleggstuben som metallemballasje, så lenge den er tom. Tubene er tomme nok når du har klemt ut det du kan av innhold. Husk å skru av korken og sortere den som plastemballasje.

  • Syltetøyglas: Fyll glaset halvfullt med kaldt vatn, skru på loket og rist for å fjerne mest mogleg syltetøyrestar. Gje evt. glaset ein runde med oppvaskbørsta. Skru av loket igjen og rist glaset drypptørt. Du treng ikkje å fjerne etiketten eller skru på loket igjen. Det er lettare å skile glas og metall frå kvarandre på gjenvinningsanlegget når glaset ikkje har loket på.

Kan etikettane sitje på når eg sorterer?

Ja, etikettane kan alltid sitte på. Det gjeld både glas- og metallemballasje.

Kva med andre gjenstandar av glas og metall?

Den fjerde dunken er berre berekna for emballasje, og andre gjenstandar av glas og metall skal du ikkje sortere saman med emballasjen. Desse produkta kan ha ei anna samansetning enn glas- og metallemballasje, og kan innehalde materialar som øydeleggjer for gjenvinningsprosessen.

Kva skal i den fjerde dunken?

Sjå komplett liste over kva produkter som skal og ikkje skal i glas- og metallbehaldaren.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No kjem den fjerde dunken til Sogndal

Neste
Neste

Kjeldesortering i Sogn – slik gjer du det