Kva skal IKKJE i behaldaren for glas- og metallemballasje?
Sjå denne lista. Du kan kanskje få deg ei overrasking?
Glas- og metallemballasje er emballasje av glas og metall der det har vore mat, drikke eller andre hushaldsvarar i då du kjøpte dei. Emballasjen skal vere tom når ein sorterer den.
Skyl og rist for å få ut restar. Deretter tørk emballasjen drypptørr, så kan du sortere den.
Sjå liste over kva som ikkje skal i behaldaren - og kva som skal:
Nei takk:
Tilgriset emballasje
Knust kopp
Drikkeglas
Porselen
Keramikk
Krystallglas
Ildfasteformer
Speil
Vindusglas
Lyspære, sparepære og lysrør
Vase
Lyslykt
Blender
Kaffekanne
Drikkeboks med pant
Spiker og spruer
Småbatteri
Kniver
Gryter og panner
Gardinstang
Vaffeljern
Tørkestativ
Sprayboks med drivgass og tom sprayboks
Målingsboks i metall med restar
Ja takk:
Glasflaske
Syltetøyglas
Parfymeflaske
Barnematglas
Vinflaske
Ølflaske
Brusflaske av glas
Fetaostglas
Hudkremkrukke i glas
Medisinglas, utan medisinrestar
Matoljeflaske i glas
Krydderglas
Tomatpureglas
Hermetikkboksar
Påleggstube i metall
Syltetøylok
Telyshaldar i metall
Aluminiumsbeger
Aluminiumsfolie
Makrell i tomat-boks
Leverposteiboks
Fakkelboks
Drikkeboks utan pant
Visste du at mykje glasemballasje er ypperleg å gjenbruke?
Brukte glas kan brukast til oppbevaring av matrestar, kryddar, heimelaga syltetøy og sausar. Kan også brukast til praktisk oppbevaring, som å samle på gamle batteri, pennhaldar, sysaker etc. Det er sorteringsinformasjon inni loket på avfallsbehaldaren.