Kan eg ete ris frå dagen før?

Lars Haugen Årdal er matekspert på SmaksLab hjå ViteMeir.

Mange lurar på om det er greitt å varme opp igjen ris frå dagen før og ete han. Mateksperten frå ViteMeir gjev deg svaret.

– Ja, ein kan ete risrestar frå dagen før, seier Lars Haugen Aardal, matekspert hjå ViteMeir.

– Men en god regel er å ikkje ete risen meir enn ein dag etter du har kokt den. Og ikkje varme han opp atte meir enn ein gong.

Vask godt før koking og avkjøl raskt

Årsaka er at rå ris ofte inneheld soppar som produserer små mengder av aflatoksinar. Desse kan vere giftige for menneske og dyr. Difor er det anbefalt å alltid vaske risen godt før koking, sjølv om dette ikkje fjernar alle spor.

Kjøl ned risen raskt etter koking ved å spreie han på ein tallerk.

– Etter koking vil myglsopp raskt kunne utvikle seg i varm ris. Difor er det viktig å kjøle risen raskt ned, og setje han i kjøleskapet så fort som mogleg.

– Sprei gjerne risen utover ein tallerk og dekk han med plast før du set han i kjøleskapet, rådar mateksperten.

Slik kan du bruke risrestane

Restar av kokt ris passar godt i ei suppe, i burritos eller som “pytt i panne” i lag med grønsaker og eventuelt pølsebitar.

Sjå, lukt, smak!

Visste du at nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten? Ein god regel er å sjå, lukte og smake på maten før ein bestemmer seg for å kaste.

Fleire matreddartips frå SIMAS.

Sjå videoforklaring her:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slakteavfall

Neste
Neste

Elektrisk avfall - ei moderne gullgruve