Elektrisk avfall - ei moderne gullgruve

Det er ikkje uendeleg med ressurar på jorda. For å unngå at det går tomt må me tenkje sirkulært.

Denne tankegangen blir kalla Urban Mining. Kort forklart handlar det om ansvarleg innsamling og resirkulering av elektrisk avfall og elektronikk, slik at ein kan nytte ressursane som finst i desse på nytt.

Elektronikk som samlar støv

I norske heimar ligg det mykje elektronikk og samlar støv. På loftet, i boden eller i skuffer rundt i heimen.

Då kan det vere greitt å få levert det inn entan til ombruk eller gjenvinning.

Spesielt mange mobiltelefonar

Så mange som 7 av 10 nordmenn har ein eller fleire mobiltelefonar liggjande i skåp og skuffer.

Ein mobiltelefon har allereie vore på ei lang reise før den endar opp i butikkhyllen - og seinare heime hjå oss. Då er det fint at me kan gjenvinne mobiltelefonar nasjonalt.

Desse telefonane inneheld sjeldne metall og grunnstoff som me kan nytte tilbake i produksjon. Samfunnet treng råvarene til produksjon, og planeten treng ikkje fleire gruver for utvinning.

Lever inn elektronikken

Det er heilt gratis å levere inn EE-avfall. Nytt gjerne den lokale el-forhandlaren din eller lever dei brukte ressursane på ein av miljøstasjonane våre.

>> Meir om sortering av elektronikk

Forrige
Forrige

Kan eg ete ris frå dagen før?

Neste
Neste

SIMAS arbeidar for ny vegtrasé i Festingdalen