Julegåvepapir skal i restavfallet
Alle har fått utlevert ein ekstra plastsekk. Samle gåvepapiret i denne og set han ut ved første restavfallshenting etter jul, utan ekstra kostnad.
Det meste julegåvepapir må gå i restavfallet, då det inneheld fargestoff og leire. Det er berre resirkulerbart gåvepapir og gråpapir som kan gå i papir.
Alle kan setje ut ein ekstra sekk med gåvepapir ved første restavfallshenting etter jul, utan ekstra kostnad. Bruk gjerne den sekken som du elles nyttar til plast, og legg sekken oppå restavfallsdunken. Eventuelt bruk ein annan type sekk, men pass på at den er gjennomsiktig.
Når blir restavfallet tømt etter jul? Last ned mobilappen Min Renovasjon eller finn din avfallskalender.