Joda Endre, ho Erna har gitt klar melding til SIMAS!

Hallvard i kjøleskapet heime.jpg

I ein kommentar sist veke ber Endre Romøren statsministeren om hjelp for å få SIMAS til å henta avfallet oftare! Og SIMAS har faktisk fått klar melding frå Erna om kva myndigheitene forventar av oss.

Me skal kjeldesortere meir, me skal redusere CO2-utsleppa og me få på plass ein sirkulær økonomi. Dette er styrande for avfallsbransjen.

Me synest det er synd at du ikkje får dunkkapasitet til å strekke til, og me skjønnar det kan vera utfordrande for dei med fleire bleieungar. Men, me har like mange som ringer inn å fortel at dei ikkje har avfall, og ikkje vil ha dunkar og då spesielt matavfallsdunken. Eg trur at det blir utfordrande å gjere alle nøgde med avfallsordningane då me er i ulike livssituasjonar. På sist plukkanalyse viser resultatet at ca 50% av restavfallet kunne vore sortert ut i dei andre dunkane. Og plukkanalysen viser også at av matavfallet er ca 50% etbart. Ingen eg kjenner vedkjenner seg desse tala, men kanskje det finnest eit potensial her? No ser eg at du har prøvd å sortere etter alle kunsten reglar, men eg trur at me alle har ein jobb å gjere her?  

Skal me hente dunkane oftare betyr det at alle andre skal vera med å dekke transportkostnaden den auka hentefrekvens gir -  og er alle innbyggarane i region vår einig om det? Auka frekvens gir også auka Co2-utslepp, for det finnest ikkje el-bilar som kan nyttast enno i vår krevjande logistikk. Og for dei som trur at gratis levering på miljøstasjon er lykka – den kostnaden har du alt betalt for i renovasjonsgebyret. I SIMAS har me valt å differensiere dette med at noko vert dekka av gebyret og resten vert dekka av dei som nyttar miljøstasjonen. Alle kostnader kommunen har med renovasjonsløysinga, inklusiv miljøstasjonane, skal dekkast av renovasjonsgebyret. Noko anna er ikkje lovleg.

Du er godt nøgd med avfallsløysinga på heimstaden din, og det tykkjer eg er fint! Men, å brenne avfallet utan å ta vare på energien tykkjer eg ikkje er den beste løysinga, det må eg få seie. Heile verden jobbar med å få til betre ressursforvaltning og då kan me ikkje brenne opp ressursane som framtidige generasjonar skal nytta. I SIMAS so lagar me kompost av matavfallet som betyr at me tilbakefører Co2 til jorda, i staden for auka Co2-utslepp i atmosfæren– er det ikkje fantastisk?

Innsamling av avfall i SIMAS-regionen er ikkje perfekt, og det er me dei fyrste til å erkjenne. Men alle tilsette i SIMAS arbeider kvar dag for å gjere so god jobb som mogeleg, og me har mange ting me har lyst å rette på. Dette tek tid og pengar, og begge deler er knappheit! For å løysa miljø- og ressursutfordringane verda står ovanfor må me alle samarbeide om å finne nye løysingar for korleis me kan nytte avfallsressursane. Dette er den største utfordringa! Me reddar ikkje heile verda med våre tiltak, men gir det oss ein rett til ikkje å gjere vårt? Når det gjeld utfordringane dine med for liten plass i dunken so har me fleire løysingar, so du får kontakta oss so finne me kanskje ei løysing?

 

Med vennleg helsing

Hallvard Thomassen
Direktør SIMAS IKS

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Geir har fått tak i dører frå Lerum, nå vil han sjå skattane dine

Neste
Neste

Auka ventetid på miljøstasjonane