Geir har fått tak i dører frå Lerum, nå vil han sjå skattane dine
Me treng ombruksmateriell til ny miljøpark i Luster. Har du noko me treng?
SIMAS er i gang med ny miljøpark i Gaupne, saman med Luster kommune. I dag ligg miljøstasjonen på øneidsgrandane, men me har behov for større plass. Ny miljøpark (utvida miljøstasjon) går frå 2,5 mål til nesten 8 mål.
På den nye tomten, ved Røneidsgrandane, skal det opp eit bygg med betre forhold for dei som er på jobb. Her blir det kontor og garderobe, samt betre tilrettelegging av rein og urein sone.
Ønskjer mykje forskjellig
Til dette vil me nytte ombruksmateriale. Difor ønskjer me å høyre om du har nokon skattar liggjande?
– Me ønskjer å få inn ulike ting. Eg håpar folk ser moglegheita til å setje sitt preg på bygget. Kor tøft er det ikkje å kunne sei at skifar frå løa til bestemor har vorte kledning på miljøparken i Gaupne?, seier Geir Øygard i SIMAS, koordinator for prosjektet.
Tomten skal vere byggeklar 1. mai og prosjektet ferdigstilles i desember. Difor treng me byggematerialar no framover og i løpet av sommaren.
Her er ei liste over kva me treng:
Innerdører
Ytterdører til lager
Innerdørs trepanel
Utvendig trepanel
Takstein til fasade (opsjon fasadeplater)
Tremateriale til kubbegolv
Syltetøyglas til innvendig glasvegg
Portar for inn/utkjøyring
Fliser til golv frå restlager
Fliser/baderomsplater til vegger
Feilproduserte vinduage: Fasade mot sør
Feilproduserte ytterdører til personalbygg
Garasjeportar
Golvbelegg
Fliser i dusj