Internasjonal dag mot matsvinn 29. september

Det finst nok mat til alle menneske i verda - men vi kastar for mykje. Nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn, kunne vore eten.

I dag, fredag 29. september, er den internasjonale dagen mot matsvinn.

Dei fleste kjenner FN sine berekraftsmål, men visste du at mål nummer tolv har eit delmål som konkret handlar om matsvinn?

Innen 2030 halvere matsvinn per innbygger på verdensbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukere, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeden, inkludert svinn etter innhøsting

FN berekraftsmål 12.3

 

Ver med å få ned matsvinnet

Hausten 2020 analyserte SIMAS avfallet til sogningane, og resultata sjokkerte oss: 30 % av restavfallet var matavfall, 70 % av dette matavfallet var etbar mat og 50 % av all maten vi kastar (både i restavfall og våtorganisk) kunne vore nytta!

 

Kva kan du gjere i dag (og alle andre dagar)?

  1. Handle berre det du treng

  2. Et opp maten

  3. Bli kvitt datoskrekken - sjå, lukt, smak

  4. Om du må kaste mat, hugs å sortere!

Sjå fleire Matreddar-tips

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ønsk deg brukte gåver til jul

Neste
Neste

Kari frå Lærdal vann 10.000 kroner