Høgsesong for bruk av fritidscontainerane

Det nærmar seg sommar og høgsesong for bruk av fritidseigedomane i regionen vår. Hjelp til å halde Sogn reint og ryddig.

Berre for hushaldningsavfall

Fritidscontainerane er for dei som betalar fritidsabonnement i regionen vår, og skal ta hand om deira hushaldningsavfall og berre det. Fritidsabonnentar som har bygge- og riveavfall, impregnert treverk, farleg avfall, elektrisk og elektronisk avfall og større gjenstandar må levere dette på miljøstasjonane, som elles for innbyggjarane i regionen vår.

Meld frå ved full container – ikkje set att avfall på utsida

Slik vil me ikkje ha det i regionen vår. Hjelp oss å halde det reint og ryddig!

Slik vil me ikkje ha det i regionen vår. Hjelp oss å halde det reint og ryddig!

Det er svært viktig at avfallet vert plassert oppi containeren. Me opplever at det vert sett avfall utanfor containerane som ikkje er fulle. Dette må ikkje skje, då det er lett for nestemann å tru at containeren er full, og held fram med å plassere avfallet på utsida. Bruken av fritidscontainerane rundt i regionen er eit tilbakevendande problem. Spesielt i løpet av sommarsesongen får SIMAS meldingar om overfylte fritidsdunkar og fritidsdunkar som er fulle av bygningsmateriell, elektriske artiklar og liknande. Me finn også i fleire høver slakteavfall og mange typar farleg avfall. Dette kan medføre alvorleg forureining og er til stor fare for helsa til dei som skal handtere dette.

Hjelp oss og meld frå om de kjem til fulle containere! Telefon: 57 65 70 70/E-post: post@simas.no

Her finn du meir informasjon om kvar fritidscontainerane er plassert i di kommune.

Forrige
Forrige

Gratulera lærlingen vår med vel gjennomført fagprøve!

Neste
Neste

Farlege stoff i forbrukarprodukt