Farlege stoff i forbrukarprodukt

På miljøstasjonen får du gjerne høyra; «den der skal sorterast som farleg avfall», men visste du at den inneheldt farleg avfall?

Mange vanlege forbrukarprodukt kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff. Døme på dette er vaskemiddel, skismurning, sminke, tannkrem, solkrem, sprayboksar, lysstoffrøyr, elektriske og elektroniske produkt. Me toler mindre mengder kjemiske stoff utan at kroppen tek skade av dei, fordi kroppen vår skil ut, bryt ned eller reparerer skadar som kjemiske stoff forårsakar. For enkelte dyr og små organismar, kan sjølv små mengder vere svært farlege. I større mengder derimot, kan kjemiske stoff vere skadeleg for helsa vår. Sjølv om me i dag kjenner til eigenskapane til ei rekkje kjemiske stoff, veit me lite om korleis dei påverkar oss og naturen i kombinasjon med kvarandre. Mange av desse produkta som inneheld farlege stoff, er ikkje farlege under bruk, men stoffa kan kome/sleppa ut i miljøet ved produksjon eller etter bruk, dersom dei ikkje vert forsvarleg handsama. I naturen hopar dei tungt nedbrytbare stoffa seg opp og kan skada den. Stoff som hopar seg opp i plantar og dyr, kan til slutt hamne på matfatet vårt. Sjølv om me har god kunnskap om kjemiske stoff, og myndigheitene forbyr eller regulerer bruk av desse stoffa, finn me produkt i butikken som inneheld farlege stoff. Dette er fordi mange av dei produkta me omgjev oss med vert produsert i andre land, der bruk av farlege stoff er dårlegare regulert enn her i Noreg. Dermed kan me få importera varer til Noreg, som ikkje er lovleg å produsera her.

Miljømerking

Ved å velje miljømerka produkt, vel du òg bort farlege stoff i produkta. I Noreg har me to offisielle miljømerker, Svanen og Blomsten. At eit produkt er miljømerka, betyr at det inneheld minst mogleg helse- og miljøskadelege stoff, bidreg til mindre farleg avfall og produktet vert produsert med minst mogleg utslepp av farlege stoff og klimagassar.

Korleis kasta riktig?

Me må også vera merksam på korleis me kastar farleg avfall riktig, slik at dei farlege

stoffa vert riktig og forsvarleg behandla. Dersom farleg avfall ikkje vert kasta riktig, kan helse- og miljøfarlege stoff komma ut i naturen. Dette kan skje gjennom kloakksystem dersom me kastar avfallet i vasken eller toalettet, ved utslepp frå avfallsforbrenning som ikkje er tilpassa farleg avfall, eller over tid gjennom vatn og fordamping frå avfallfyllingar.

Dersom du er i tvil om noko er farleg avfall, spør på miljøstasjonen, eller sjå www.sortere.no og www.erdetfarlig.no. Her finn du også oversikt over helse- og miljøskadelege stoff som finst i forbrukarprodukt.

Råd for å unngå helse- og miljøfarlige stoff

  • Kjøp produkt som er merka med Svanen eller Blomsten dersom det finst
  • Spør i butikken om produktet inneheld helse- eller miljøskadelege stoff
  • Les på erdetfarlig.no for å finne ut kva for miljøfarlege stoff som produktet kan innehalda
  • Les fareetiketten på kjemiske produkt
  • Kast farleg avfall riktig
  • Kjøp leiker som er CE-merka
  • Vask klede før bruk

Kjelde: www.erdetfarlig.no

Forrige
Forrige

Høgsesong for bruk av fritidscontainerane

Neste
Neste

Slik gir du glas- og metallemballasje evig liv