Søknad om avstandsreduksjon
Avstandsreduksjon kan du få dersom du må trille avfallsbehaldarane dine over 300 meter til standplass. Når SIMAS mottek søknad om avstandsreduksjon vert eksakt avstand målt i kart frå bustaden til tømmestaden. Denne avstanden vert grunnlag for reduksjonen som vert gitt:
300–500 meter gir 10 % reduksjon
500–700 meter gir 15 % reduksjon
700–900 meter gir 20 % reduksjon
900–1100 meter gir 25 % reduksjon
Over 1100 meter gir 30 % reduksjon