Slakteavfall
Slik handterer du avfall frå slakt.
Slik gjer du det
Restar og avfall frå slakt går elles som bioavfall og kan kastast i behaldar for matavfall. Avfall som er samla inn, eller teke ut frå eit slakt til human konsum, er rekna som animalske biprodukt i kategori 3. Vi har godkjenning av Mattilsynet til å kompostere dette, og kan difor ta imot dette i anlegget vårt i Festingdalen.
Nokre deler av dyret ønskjer me ikkje i matavfallet fordi det kan skape problem i komposteringsprosessen. Sjå under.
—>Ja takk Matavfall:
Restar og avfall frå dyr/slakt berekna for human konsum.
—> Ja takk Restavfall:
Skinn og restar av skinn. Store beinrestar (lengre enn 5 cm og/eller meir enn 2 cm diameter). Døde kjæledyr.
—> Grave ned:
Avfall frå dyr kan gravast ned lokalt i jaktområdet så lenge det ikkje vil føre til luktproblem, forsøpling eller nemneverdig skade på miljøet.
Kva blir det til?
Alt våtorganiske avfall i området vårt blir til kompostjord.