EE-avfall

 

EE-avfall, eller elektronikk, er produkt som går på straum eller batteri som er øydelagt og du skal kaste.

 

Mange materialar som elektroniske produkt inneheld, er det avgrensa tilgang på. Råstoffa blir henta ut frå gruver i heile verden, dei er krevande å utvinne og det er store utslepp forbundet med utvinninga.

Slik gjer du det

Lever produkta så heile som mogleg for å unngå brannfare, at nokon skadar seg eller at miljøskadelege stoffer lekk ut.

Alt elektrisk og elektronisk avfall skal vere merka med ein overkryssa avfallsbehalder. Det betyr at produktet ikkje skal kastast i restavfallet.

  1. Sjekk moglegheiter for å forlenge levetida til produktet (eks: garantiar, reparasjonsmoglegheiter, moglegheit for oppgradering eller reservedelar). Er produktet brukbart, og du ikkje treng det, kan du gje det bort eller selje det.

  2. Lever øydelagt elektronikk i butikkar som sel same type produkt du skal levere inn eller til næraste gjenvinningsstasjon.

—> Typiske ting du sorterer som EE-avfall:

Kjøleskap, Komfyr, Vaskemaskin, Stereoanlegg, TV, Kassettspiller, Kaffetrakter, Strykejern, Blender, Leikar med lyd eller lys, blinkesko, Mobiltelefon, Ioniske røykvarslare, Elektrisk tannbørste, Lampe, Vibrator, e-sigarett, , Elektriske verktøy, Leidninger, Ørepropper, Hodetelefoner, Bursdagskort med musikk.

Kjelde: Sortere.no

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Metall

Neste
Neste

Farleg avfall