Asbest
Asbest pakkar du inn i to lag med bygningsplast og skal vere tydeleg merka "asbest" før du leverar det i Festingdalen.
Asbest er eit trådforma mineral som lett brekk opp og støvar. Fargen kan være kvit, grå, lys grøn eller lys blå. Asbest ble særskild brukt som byggemateriale i hus frem til 1980.
Asbest er svært helseskadeleg. Asbeststøv kan føre til vedvarande nedsett lungekapasitet og lungekreft. Er du usikker eller treng hjelp, ta kontakt med oss i SIMAS eller les meir om asbest på sortere.no.
Slik gjer du det
Beskytt deg med støvmaske som dekkar munn og nase ved fjerning av asbest.
Pakk asbesten inn i to lag med tett emballasje. Merk pakka tydeleg med "asbest".
Lever til oss i Festingdalen
—> Typiske ting du sorterer som Asbest:
Eternittplate, Fasadeplate, Himlingsplate, Fliser, Flislim, Golvbelegg, Isolasjon rundt rør, Rørbend, Vindsperrer, Vinduskitt.
-
Under oppussing av hus bygd før 1980 kan du støyte på asbest ved renovering, fjerning av fasadeplater, kapping av rør o.l.
Skal du fjerne asbest på eigen eiendom, er det viktig å bruke vernklær og støvmaske som dekker munn og nase.
Kjelde: sortere.no