Søknad om deling av avfallsbehaldar
I renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS er det opna opp for at abonnentar kan dele restavfallsbehaldar og på den måten oppnå gebyrreduksjon. Kvar abonnent er økonomisk ansvarleg for sin del av avgifta.
Fyll ut skjema og send inn, så høyrer du frå oss.
Søknadar vert handsama etter Renovasjon- og slamforskrift for SIMAS IKS som tredde i kraft 01.01.2021.
Informasjon om deling av avfallsbehaldarar
Ta kontakt med SIMAS om samarbeidet ikkje fungera og de ynskjer eige dunkar.
Kvar eigedomen skal ha tilstrekkeleg tal avfallsbehaldarar for avfallet som oppstår.
Abonnenten skal syte for at det finst tilstrekkeleg areal for plassering av behaldarane.
Behaldarane skal ikkje fyllast meir enn at loket lett kan leggjast heilt i lukka stilling.
SIMAS kan pålegge den enkelte abonnent å auke volumet på behaldar(ane) om dette er nødvendig for å sikre tilstrekkeleg sortering av avfallet eller for å hindre at avfallet vert oppbevart eller disponert på ein måte som er i strid med forskrifta.
SIMAS opplyser om at det vert teke gebyr for innhenting/utkøyring av behaldarar ved endring.